For kort tid sidan var professor og sosialmedisinar Per Fugelli invitert til Rauma kommune som foredragshaldar. Vi var mange på Kulturhuset som kjente at det gjorde godt i Trollstolen sin halvmørke sal når Fugelli med iver og overtyding snakka om «trygghet i flokken, samhørighet og raushet».

Vi som skriv dette brevet, er klubben i Utdanningsforbundet ved Åfarnes skole. Vi har for lengst kome ut av den gode kjensla i halvmørket i Rauma Kulturhus. Vi er urolege for framtida til Raumaskolen. Vi er urolege over uoversiktleg politikk, manglande heilheitlege politiske ambisjonar, harde budsjettkolonner med einsidige referansar til Kostratal som krympar den politiske debatten.

Ei økonomiplan med nedskjæringar for 2017 for Åfarnes oppvekstsenter på nærare 1,4 millionar kroner ligg inne i vedteke plan fram til realitetsbehandling i desember 2016 . I desse tala ligg ei overflytting av ungdomsskolen på Åfarnes til Åndalsnes.Vi er urolege for dei stadige nedskjæringane og dei verknadene det har for læring, trivsel og helse for både unge og vaksne. Vi ser at tronge rammer og aukande arbeidspress gir større fråver blant dei tilsette.

Vi uroar oss over at eit livskraftig, samhandlande og mangfaldig lokalsamfunn stadig må bevise at det er verdt å satsast på. Vi ser det som meiningslaust og visjonslaust når foreldre må bruke krefter og pengar på å finne privateskuleløysingar av frykt for at skular blir lagt ned der dei bur. Reduksjon av rammetilskotet ved oppstart av private skolar, er og med å reduserere talet på kvalifisert arbeidskraft og kvaliteten i den offentlege skolen.

Av same grunn fryktar vi for den faglege kvaliteten og ei ulik opplæring for dei unge i Rauma. At elevar frå 12-årsalder dagleg skal bruke opp til 2,5 timar på skulevegen er og meiningslaust og uverdig og svekkar læringsvilkåra. Kva vil våre politikarar med Raumaskulen?

Vi ser fram til svar frå dykk.

Med helsing klubben i Utdanningsforbundet ved Åfarnes skole ved klubbstyremedlemmar Hilde Lerheim, Line Bakken Dahle og Anne Øien.