Når 76 foreldre vel å sende eit lesarbrev viser dette ei reell uro og bekymring for framtida for Raumaskulen. Lesarbrevet og ein redaksjonell artikkel om temaet sto på trykk i Åndalsnes Avis laurdag 23.04.16. Tysdag 26.04.16 kunne vi lese eit relativt kort intervju med ordførar Lars Olav Hustad i avisa. Vi synest ikkje han svarar på spørsmåla vi reiste; i staden oppfattar vi at ordføraren tåkelegg saka snarare enn å ta problemstillingane på alvor. Ei bekymringsmelding som har engasjert og er signert av så mange bør takast på alvor av kommunen si politiske leiing.

Vi lurer også på om vi skal oppfatte bekymra signal frå Utdanningsforbundet, som trass i alt representerer det faglege ansvaret som skal stå for gjennomføringa av grunnskuleopplæringa, som skremselspropaganda?

Hustad gir oss delvis rett i at det er grunn til bekymring, men forsikrar om at drifta no vil normaliserast. Ja, drifta er bortimot tatt ned til kostra-statistikken per i dag. Men korleis kan ein seie at ein normaliserer tilhøva ved å kutte ytterlegare 14 stillingar i det som allereie opplevast som eit stramt skulebudsjett i dag? Nedskjeringane vi står overfor blir forklart med at ein tidlegare har vore heldige med utbytte frå Rauma Energi, og at det er grunna lågare inntekter frå dette at ein må kutte i skulebudsjettet. Er verkeleg forklaringa så enkel?

I innlegget etterlyser vi og eit ambisjonsnivå for skulen. Her svarer Hustad at «mitt mål er et enda tydeligere innhold i skolen, læringsmiljø og læringsresultat». Korleis tenkjer ein å innfri desse måla samstundes som det blir færre lærarar og assistentar, og det kuttast i dei viktige oppfølgingstenestene? For å oppnå gode resultat i skulen må ein ha nok ressursar. Eit kutt på heile 14 lærarårsverk i ein allereie pressa skulekvardag lovar ikkje godt i høve dette. Det er planlagt å leggje ned ungdomstrinnet på Åfarnes og i Måndalen, slik at ein sparar seg fleire lærarstillingar her.

Men – i tillegg skal det takast bort 2 årsverk ved Åndalsnes ungdomsskule. Korleis ser ordføraren at målet om «enda tydeligere innhold i skolen, læringsmiljø og læringsresultat» er realistisk med dei nedskjeringane som ligg inne i økonomiplanen? Ordføraren viser vidare til at Rauma har netto driftsutgifter pr. elev som er høgare enn både fylkes- og landssnittet. Dette er ein velkjent retorikk der tal og samanlikningar dekkjer over den reelle situasjonen; han unngår å kommentere korleis denne kurva jamt og trutt har flytta seg ned mot kostra-gjennomsnittet dei siste par åra, og peikar ytterlegare nedover dei neste fire åra. Den relativt gode statistikken Hustad viser til (64. plass av 428 kommunar i Noreg), er dessutan eit resultat av «overforbruket», som Hustad viser til, og som vi no har lagt bak oss. Vi les det dermed slik at ambisjonsnivået framover vil vere langt lågare enn det har vore fram til i dag.

Samstundes er det ikkje kommunisert at skuleskyss er med det i dette reknestykket. Rauma har høge utgifter på skuleskyss allereie og desse kostnadane vil auke betrakteleg om ungdomskuleelevane på sør- og nordsida skal fraktast til Åndalsnes. Med andre ord endå mindre ressursar til den einskilde elev.

I det heile ser vi ikkje at vi har fått svar på det som er bakgrunnen for bekymringsmeldinga vår, nemleg korleis høva i skulen vil vere etter dei planlagde kutta er gjennomført i 2019.

Heidi Rødstøl, Ingvild Gjerdset, Berit Rødstøl og Christel Siem