Presentasjon av «Isfjorden-metoden».

Dersom ein ønskjer å gjere kommunale barnehagar om til private profitt-barnehagar, kan ein sjølvsagt seie det rett ut: ”Me vil privatisere! Basta!” Men det er ikkje sikkert at fleirtalet let seg sjarmere av det. Det er for ope og brutalt.

Eller ein kan bruke ”Isfjorden-metoden”. Dette er ein etappevis metode som går over fleire år, med ein indre, nærast logisk progresjon som gjer at mange ikkje oppfattar kva som skjer.

Metoden vart utvikla i 2014 etter at ei storstilt privat barnehageutbygging vart stogga i kommunestyret. Kommunestyret gjorde i staden vedtak om at den kommunale barnehagen skulle rustast opp og utvidast. Dette gjekk i feil lei for dei privatiseringsivrige. Noko måtte gjerast; ein ny metode måtte skapast!

Men i 2015 fekk metodemakarane endå eit skot for baugen: Nye sentrale ordningar for tilskot til barnehagar gjorde kommunale barnehagar billegare enn private! Dette var nesten verre. Men metoden dei hadde laga, var fleksibel, og kunne tilpassast også slike deprimerande fakta.

Neste metodesteg var difor å stogge utviding og opprusting av den kommunale barnehagen. Korleis kunne dette gjerast? Det var jo vedtatt? Jau, ganske enkelt ved å stryke denne investeringa i økonomiplanen, eller utsette den på ubestemt tid, sjølvsagt med rein økonomisk grunngjeving.

Når så kommunal barnehagesatsing var effektivt stogga, var det fritt fram for privat barnehagesatsing i 2016. For barnehagebehovet var kritisk. I første omgang fekk den private barnehagen, med eigarar på Austlandet, mesteparten av dei plassane det var behov for. Det gjorde ingenting at det gav kommunen høgare driftsutgifter, for behovet var jo så stort.

I 2017 står den private barnehagen ferdig, på ei dårleg tomt austlendingane har fått billeg av kommunen.

Metoden tilseier vidare at ein må halde utviding/opprusting av den kommunale barnehagen så langt vekke frå budsjetta at den private barnehagen får fred til å utvikle seg.

Ei ny utvikling kjem truleg først i 2018. Då er den kommunale barnehagen så nedsarva at ein må rive heile rukkelet og bygge ny barnehage. Men det er jo ikkje budsjettert pengar til det! Kva gjer ein då? Jau, då følgjer ein berre metodens siste steg: Den private barnehagen får tilbod om å ta over dei kommunale barnehageplassane, og bygge ut endå meir på den dårlege tomta. Isfjorden-metoden er gjennomført på tre år!

Per Arne Skomsø, metodeanalytikar