Diskusjonane går om kostnaden til den ferjelause E39. Ein del meiner at ein er klar til å setje i gang bygging. Men er det store bruer og tunnelar vi har bruk for?

I framtida skal vi redusere, i alle fall halvere vegtrafikken, om vi skal kome fram miljømessig. Det har noko med å kome fram på ein slik måte at våre etterkomarar skal ha eit tilvere som er leveleg. Det er noko heilt anna og alvorlegare enn om vi kan kome oss fram ti minutt snarare akkurat når bileigaren vil.

Den ferjelause E39 representerer løysingar som vil vere gamaldagse før dei blir bygde. Det er eit svar på noko heilt anna enn det vi bør spørje om. Det vi treng er løysingar som gir mindre trafikk, og trafikk med mindre forbruk av fossil energi. Då talar vi om at fleire tar bussen. Då talar vi om eit forbruksmønster som reduserer fraktbehovet. Då talar vi om ferjer som går på straum i staden for diesel og gass. Då talar vi om at utsleppa er ein viktigare og avgjerande faktor når vi skal flytte nokon eller noko, ikkje kor fort det går.

Den aller dårlegaste løysinga er prosjekt som er steindyre for dei som køyrer og attpå steindyre for dei av skattebetalarane som ikkje køyrer også. Samtidig feil løysing, slik at det blir steindyrt å kompensere for dei auka utsleppa som denne løysinga vil føre til. Dessutan så store anlegg at det er håplaust å gjere om noko når vi oppdagar kor gale det blei.

Det er tid for å tenkje på framtida. Den består av kollektivtrafikk og elektriske ferjer i eit samfunn der transportbehova blir redusert vesentleg. Då er ferjelaus E39 ein håplaus og hovudlaus omveg.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal