«Det er knapt noe menneske som har blitt rammet så hardt som dem som har blitt utsatt for overgrep i barnevernsinstitusjoner».

Dette er eit sitat av professor Edvard Befring som allereie i 2004 leia Befringutvalet som arbeidde med ei utgreiing om overgrep på barnevernsinstitusjonar.

I desember 2015 er vi ikkje komne lenger enn at Rauma kommune seier nei til å delta i ei oppreisningsordningfor to søstre sendt til Rogaland først og deretter til Svanviken arbeidskoloni i Eide, der (sitat Åndalsnes Avis 2/2 )«det vanket mer juling enn mat».

I 2012 tok Ingrid Opedal (SV) initiativet til det arbeidet som i 2014 førde til godkjende vedtekter frå Fylkesmøtet i KS,Møre og Romsdal: « Alle som med hjemmel i barnevernloven ble plassert i institusjoner som barnehjem og spesialskoler, og som har vært utsatt for overgrep, omfattes av oppreisningsordningen»Kommunane hadde plasseringsansvar og fylkeskommunen hadde ansvaret for at barna fikk «den forsvarlige omsorg».

I Rauma kommune sitt avslag ligg og at fylkeskommunen heller ikkje er med og bidrar til oppreisinga og deler påkostnadene. I sak 29/2015 frå Rauma kommunestyre kan ein lese: «Rauma kommune er positiv til oppreisningsordninga,men evt. vedtak i denne saken må gjøres i forbindelse med budsjettbehandlingen for 2016.»

Eit forslag frå ordførar Lars Olav Hustad, som vart vedteke med 15 mot 12 stemmer.Vi veit at denne positive haldninga ikkje varte året ut, men vårt håp og ønske er at ansvarlege politikararsnarast sender ei unnskylding til dei ramma barnevernsbarna (her kan ingen snakke om kostnader) og at det deretter blir fremma ei ny sak om oppreising med eit grundig forarbeid som utgangspunkt.

Anne Øien

Rauma SV