1. Sist sommar tok Rauma SV fatt i spørsmålet om produksjonskjøkken i helsehuset. Det var eit halvt år før Wenaas kom med tilbod om seks millionar til eit slikt kjøkken. Vårt standpunkt var altså ikkje ”kjøpt” av Wenaas.

2. Under planlegging og bygging av kulturhuset, var eg leiar for prosjektgruppa. Der sat også Wenaas sin mann. Han var svært konkret og løysingsorientert og sparte nok kommunen for store summar, utan at det gjekk ut over kvaliteten. Den kompetansen Wenaas har når det gjeld store byggeprosjekt, hadde vore god å ha også i samband med helsehuset.

3. Det er argument for å ha produksjonskjøkkenet både i og utanfor helsehuset, nokre av desse argumenta er til og med gode. SV landa på at kjøkkenet vart best om det var i helsehuset. Den saka tapte vi. Det var dumt.

Per Arne Skomsø