Det var trist å lese om Lillian Aleksandra Westerfjell i ÅA på tirsdag. Lilllian Aleksandra Westerfjell vart i 1958 sendt frå Rauma til Solstrand barneheim i Rogaland, der ho opplevde fysiske og psykiske overgrep. Frå tilsvarande saker veit vi litt om korleis slike opplevingar kan øydelegge livet til ein person.

Med bakgrunn i liknande saker har kommunane i Møre og Romsdal gått saman om å etablere ei oppreisning for tidlegare barneheimsbarn. Hensikten er å ta eit moralsk ansvar og gje ei ubetinga orsaking til personar som har vore utsett for overgrep og omsorgssvikt i institusjon i samband med plassering av deltakarkommunens barnevern.Av kommunane i Møre og Romsdal, er det 5 som har sagt nei til å bli med i denne ordninga. Rauma er ein av desse. Ordførar Lars Olav Hustad seier til ÅA på tirsdag at politikarane i utgangspunktet var positive til å bli med, men fann ikkje økonomisk dekning.

Historia til Lillian Aleksandra Westerfjell gir denne saka eit ansikt. Det handlar om menneske som i barneåra har opplevd traumatiske hendingar, som har fått negative konsekvensar i vaksenlivet.

Eg veit ikkje kva rolle kommunen hadde i denne konkrete saka, og kan difor ikkje seie noko om kommunens juridiske ansvar. Men kommunen har eit moralsk ansvar i måten Westerfjell og andre personar med liknande saker, blir møtt. Det held ikkje å vise til rettsapparatet. Vi kan berre ane kor stor belastning det ville blitt for ein person med Westerfjell si erfaring.

Eg er difor samd med tidlegare stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen, som m.a. sa til ÅA på tirsdag: «-Hvis vi tenker på den personen som har lidd urett, enten i institusjon eller med manglende skolegang, så er det bare ´en måte at storsamfunnet kan yte litt rettferdighet: Det er å si ja til ei oppreisning.» Eg har forståing for at det i desse tider er utfordrande økonomiske prioriteringar. Men i denne saka handlar det ikkje berre om pengar, men også om verdiar som ikkje kan målast i kroner.

Rune Singelstad, diakon