Rådmannen i kommunen kjem med forslag om å legge ned Vågstrandaskule. Allereie frå hausten 2016 er det meininga at bygda skal ståutan 1-7-skule. Born frå 6-årsalderen og oppover vil stå utanopplæringstilbud i eiga bygd.

Styret og arbeidsgruppa har medbakgrunn i eit rungande ja frå bygdafolket starta prosessen med åetablere Rauma Naturskule, Vågstranda SA. Vi er godt i gang medarbeidet som skal munne ut i ein skule der elevane skal henteinspirasjon og lærelyst mellom anna frå bygda sitt nærområde - frånæringar og andre tiltak knytt til bygda sin natur. Kombinasjonpraktisk lærdom frå uteskule og teori henta frå eksisterandekunnskapsløfte, er målet å etablere ein skule betre enn denoffentlege – ein skule der grunnlaget er henta frå kommunen sineigen visjon: Verdas beste kommune for naturglade folk.

Vågstrandaer ikkje ei utkantbygd. I og med etablering av Tresfjordbrua erRauma si bygd lengst i vest blitt sentral. Med sin nyvunne nærleiktil eit av Norges store vekstområde; Sunnmøre med kommunane Ørskogog Skodje, Haram og Ålesund, er det all grunn til optimisme. Ved åkøyre over Tresfjorden i staden for rundt, er ein berre frå 10minutt til tre kvarters køyretur unna ein ny og langt størrearbeidsmarknad enn kva tilfelle har vore.

Med si flottebeliggenheit mellom fjord og fjell, og nærheit til dennearbeidsmarknaden, kan Vågstranda utgjere eit vekstområde i Rauma.Og det er mellom anna med bakgrunn i framtidige vekstpotensial atvi har starta arbeidet med å etablere Rauma Naturskule, Vågstranda.Vi føler det som svært viktig at foreldre, og ikkje minst, borna ibygda må sikrast nærheit til barnehage og skule, med det opplevenaudsynt tryggleik i kvardagen. Vi føler det og som viktig atoppveksande generasjonar skal sikrast ein identitet; gjennom denføle stoltheit til kvar dei har vakse opp.

Folk flyttar framleistil Vågstranda; ikkje frå. Eit stabilt folketal på mellom 400 og500 fortel alt om det. At eit barnetal i ei bygd går litt opp ogned, er ikkje noko sesasjonelt. I dag er det 48 elevar ved1-7-skulen.

Prognosane fortel om ein beskjeden nedgang dei førsteto til tre åra. Men dette er prognosar. Historia fortel noko heiltanna. Arbeidet som no blir lagt ned, er berre eitt av bidraga somskal bidra til vekst – at unge familiar framleis skal busette seg ibygda. At utviklinga av elevtalet ved skule og barnetalet ibarnehagen skal få eit positivt forteikn.

Målet vi arbeider etterer å kunne åpne dørene i den nye 1-7-skulen på Vågstranda hausten2017. Dette er tida som tek for å få godkjent søknaden om å kunnestarte opp ein privatskule. Det er denne tida det tek for å kunnetilby borna våre ein skule i tråd med ambisjonane vi har.

Rådmannenkjem no med forslag om å legge ned skulen allereie frå komandehaust. Slik vi ser det, bør dette vere ei umuleg oppgåve. Einsender berre ikkje born ned til 6-årsalderen til ein ny skule overnatta. Håpet vårt er at våre folkevalte ser det like eins – at deiogså ser det mulege framfor det umulege i ei for kommunen vanskelegøkonomisk tid.

Styret og arbeidsgruppa ved Rauma Naturskule -Vågstranda 24.11.2015