Når ein art er ført på raudlista, er det makter og mynde sitt ansvar at arten skal få betre tilhøve slik at han ikkje lenger høyrer heime på raudlista. Med gaupa har det gått motsett veg, og ho står no på den nyreviderte raudlista som sterkt truga.

I Midt-Noreg er det ein gaupebestand som moglegvis ligg rundt målet som er nasjonalt fastsett. Bestanden er ujamt fordelt på fylka, der Nord-Trøndelag truleg ligg over som følgje av overgang frå Sverige. Dei to andre fylka ligg på målet eller under.E

i jamn forvaltning av ein gaupebestand som over tid gir 12 ynglingar kvart år gir eit overskot på 15 gauper årleg, av desse 5 hogauper. Nemnda har fastsett ei kvote på 26 dyr, tilleggskvote på 4 dyr og seinare kjem skadefellingskvote, dvs. ein tredel av bestanden og det doble av det som held bestanden jamn.

Dette klager no Naturvernforbundet på. Etter kaoset nemnda fekk i stand med flytting av kvoter for å nytte dei best mogleg som dei sa sist år, ber Naturvernforbundet no om at Miljødepartementet fastset kvotene i samsvar med prinsippa i forvaltingsplana.

Det er elles heilt greitt om gaupebestanden aukar litt i Midt-Noreg. Det vil vere eit rett steg for å få redusert trugagraden for gaupa på raudlista.

Øystein Folden, Naturvernforbundet