Skrevet av Per Arne Skomsø.

Verdas lengste quiz-konkurranse blir halden laurdag før første advent i Rødven, og den tek sju år. Dei fire første åra var det kvarfinalar, dei to neste er det semifinalar og det sjuande året er det finale.

Det er tre-personslag frå bygder og byar i Rauma som konkurrerer om å kunne mest om kommunen; geografi, historie, kultur og politikk. Åndalsnes, Innfjorden og Isfjorden gjorde tapre innsatsar i sine kvartfinalar, men det heldt ikkje mot Mittet, Åfarnes og Eidsbygda.

Den siste kvartfinalen gjekk føre seg no laurdag. Den var mellom Gjerdsetbygda og Rødven. Det vart ein svært jamn kamp, aldri var noko lag føre med meir enn eitt poeng, jamnast var laga like. Det måtte tre ekstraspørsmål til for å avgjere kampen, og Rødven vann til slutt så knapt det går an.

Neste år blir det første semifinale mellom Åfarnes og Mittet. I 2024 går andre semifinale mellom Eidsbygda og Rødven. Og i 2025 ser vi fram til stor finale, med både Åndalsnes Avis og NRK til stades.