FAU for Vågstranda oppvektsenter har hatt møte og drøfta dei dystre utsiktene for Vågstranda skule som er foreslått nedlagt frå 2017.

Vi har i dag eit elevtal på 45 elevar og 19 barn i barnehagen vegg-i-vegg med skulen. I dag utgjer denne arbeidsplassen 11,3 årsverk. Elevar og barnehagebarn leikar i lag ute, og elevane er fadrar for 5-åringane. Barn og vaksne går omkvarandre i kvardagen, også i SFO, og dette fører til at 6-åringane får ein trygg og god start når dei begynner på skulen.

Vågstranda oppvekstsenter var tidleg ute med å lage god overgang frå barnehage til skule, og dette samarbeidet har vore svært positivt og har hatt god effekt av oppvekstsentermodellen som kommunen også legg til grunn i oppveksteiningane.

Vågstranda har eit imponerande fritidstilbod til folk i alle aldrar. Skulen er svært mykje brukt på fritida, og i gymsalen er det høg aktivitet kvar dag for barn, ungdom og vaksne. Skulen blir mykje brukt som møtelokale for ulike lag og foreningar, og er den ideelle samlingsstaden for Vågen rundt kvar 1.mai og for 17. mai.

Foreldre driv også Arbeidsstove med matlaging og formingsaktivitetar for barn i skulelokala. Formålsbygga er svært viktige for gode lokalsamfunn.Vågstranda ligg svært sentralt til når det gjeld bu- og arbeidsmarknad, og det er stor rift om husa på Vågstranda.

Vågstrendingane arbeider både innover i Rauma kommune, men mange pendlar vestover mot Vikebukt, Vestnes, Molde og Ålesund.

Vi har opparbeidde tomter til sals, og fjell og fjord som mange set stor pris på. Dessutan har vi ein moderne butikk med post, tipping, PostNord-pakkeutlevering og utkjøring av varer.

Glamoxbygget har vore i full drift under tunnelbygginga, og etter utbygginga er det framleis ledig for mange arbeidsplassar som kan bidra med å nå mål i kommunen si samfunnsplan.

I dag er det enkelt å vere småbarnsforeldre på Vågstranda, for skule, SFO og barnehage er på same plass og det er viktig når tida er knapp ved levering og henting av barn.

No er foreldra uroa over kva som vil skje med skulen vår. Viss elevane skal overflyttast til Måndalen skule, blir det søsken i Vågstranda barnehage som har søsken som går på skule og SFO i Måndalen. Alle veit at foreldra må hente og bringe barna til barnehage og SFO, og dette kan føre til store problem for foreldra. Kanskje kan dei ikkje ha 100% jobb for å gjennomføre denne kronglete logistikken.

Dersom foreldra arbeider vestover mot Vestnes, t.d., må dei først kjøre til Måndalen og levere barn, og då vil både tid og pengar gå fort. Til overmål må dei køyre gjennom Vågstrandstunnelen med bomavgift 4 gonger pr. dag, og det blir det pengar av! Blir Vågstranda attraktiv å bu på då?

Vi er spente på korleis bomavgifta vil slå ut, også på fritidskøyring.

Rauma kommune har uttalt at de vil hauste erfaring frå privatskulen i Innfjorden før de legg ned Vågstranda skule. Kva erfaringar har de gjort så langt? Kor mykje har Rauma kommune spart?

Kva skal skje med skulebygninga viss skulen blir nedlagt?

Vågstranda skule har eit budsjett på vel 1 mill kr årleg, og når ordførar og rådmann har foreslått å bruke 590 mill i Rauma kommande åra, kjennest det småleg og meiningslaust å leggje ned skulen vår. I verste fall raknar barnehagen også.

Ein annan trussel er at foreldre vil søkje barna sine til Vike friskule, og då blir barna og bygda splitta. Det ønskjer vel ikkje Rauma kommune?

Vi vil vere ei livskraftig bygd med oppvekstsenter der barna våre skal oppleve ein god og trygg kvardag og foreldre som slepp unødig stort tidspress og høge bomavgifter.

Vi er ein del av Rauma kommune, og det siste vi treng er dolkestikk frå vår eigen kommune. Vi trur på effekta av Tresfjordbrua som kan gje Rauma sin vestre del ein ny og utvida arbeidsregion mot Ålesund.

Saman med gode oppvekstvilkår og ledige bustadtomter er dette heilt i tråd med Rauma kommune sine mål.

Vågstranda 15.11.2014

FAU Vågstranda oppvekstsenter

Lena P. Svendson

Nina Talberg Herje

Inger Marie H. Talberg

Anniken Pedersen

Jannike Agnvik

Irene Kormeset

Linda Gisnås

Tor Rune Talberg

Agnes Helgadottir