Den 13. oktober skal ordføraren formelt veljast og det nye formannskapet setjast saman. Om det har det vore lite sagt og no sit korta tett til brystet. Ikkje eit ord er å få ut.

Formannskapet har ni plassar. Fem til «ordførarsida» og fire til opposisjonen. Kven som skal få desse attraktive plassane, blir bestemt i dagane som kjem og vil heilt sikkert vere på plass før møtet i kommunstyret den 13.

Lars Olav Hustad blir ordførar med støtte frå utbrytar Marit Nauste, med mindre Marit Nauste blir erstatta med ein vararepresentant på møtedagen. Det kan velte heile kabalen. Skal Marit Nauste få plass i formannskapet og berre representere seg sjølv? Kjem ho inn for å oppfylle kvinnekvoten?

Er det plass til Arne Lillehagen som no, etter veljartala, definitivt er ute av formannskapet? Blir Arne Hop varaordførar, og vil ikkje Frp også inn iformannskapet? Vil Ronny Antonsen godta at Lillehagen og Nauste får plass medan Frp blir plassert på benken? Vil Lars Olav Hustad godta at Høgre, som vant valet i Rauma, står att med ein representant i formannskapet?

På den andre sida vil heilt sikkert SV ha plass ved bordet. Det er lite truleg at ringreven Per Arne Skomsø vil finne seg i noko anna. Men venstrekoalisjonen har fire plassar å fordele så sant Marit Nauste står der ho har sagt at ho vil stå. Vil Per Vidar Kjølmoen gje ein plass til SV slik at Ap får berre ein plass i formannskapet?

Det er stille i «fjøset», så stille at eit stalltips lett kan bli rein tipping. Men vi prøver:

Formannskapet i neste periode vil truleg sjå slik ut: Lars Olav Hustad (H), Renate Soleim (H), Arne Hop (Krf), Marit Nauste (Uavhengig), Arne S. Lillehagen(V), Magnhild Vik (Sp), Torbjørn Rødstøl(Sp),Per Vidar Kjølmoen (Ap), Per Arne Skomsø (SV). Tre kvinner og seks menn.

Om formannskapet blir sjåande slik ut, blir nok heller ikkje det utan støy.