Torbjørn Bruaset har teke for seg måndalingane sitt salg av kraftrettigheiter til ålesundingane; ei hundre år gamal historie der utbyggingsplanene aldri vart noko av.

9000 kroner

Eit Ålesund i sterk vekst etter bybrannen 1904, hadde behov for elektrisk kraft. Og vassdraga i Måndalen med fjellområda peika seg ut som eit muleg objekt for utbygging.

Torbjørn Bruaset bur på ein av gardane som inngjekk avtale om å avstå rettigheiter. Han har teke for seg salet og manglande resultat. Han har også gjort djupdykk i dei snart hundre år gamle dokumenta; funne fram til dei eigentlege planene som handla om å ta ut vatn frå eit stort nedslagsfelt med vatn frå Måsvatnet i aust til Svartevatnet i vest. På Bruaset fekk dei 9.000 kroner i eingongssum for rettane.

Til saman sju bruksnummer skulle dessutan bli ei årleg avgift på 95 kroner til del. Men vassdraga vart verna. Og snipp, snapp, snute så var det vasskrafteventyret ute; ikke berre for ålesundarane, men også for potensielle tiltakshavarar i bygda. Men dette er ikkje det einaste av innhaldet som kjem frå Rauma. Bjørn Sæbø har skrive om kaurlefisket i Måndalen rundt førre hundreårsskiftet; nærare bestemt i 1901.

Akkar

Veit du ikkje kva kaurle er? Som forfattaren presiserer dreier dette seg om ein tiarma blekksprut – ein akkar det var mykje av i Vollabukta og fjorden utanfor på den tida.

Lars Sæbø har skrive ein artikkel om familien Fischer, politiske flyktningar som kom til Måndalen for 75 år sidan. Familien Fischer var ein av mange familiar som flykta frå Tyskland i 1930-åra – folk som frykta det nye regimet i landet.

Professor

Ernst Hugo Fischer var professor ved universitetet i Leipzig. familien busette seg på Skeide, i eit hus som var kalla Der Fram. Professoren fekk seg etter kvart arbeid ved Universitetet i Oslo, Men, som Lars Sæbø skriv; professoren fekk inga vurdering og innstilling frå universitetet som kunne gje han opphaldsløyve i Norge.

Og historia om familien Fischer; den kan du lese alt om i årboka til Romsdal Sogelag. Ingjerd Sæbø skriv om ein spesiell barnedåp i Rødven. Mads Langnes har også bidrege med ein artikkel i årboka. Den tek for seg vistdalingar som var i krigsteneste i tidsrommet 1807-1814. Knapt 400 sider tettpakka med historier frå Romsdal. Kan dette vere tidtrøyte for jula?