Når Åndalsnes Storband held konsert laurdag om vel ei veke, er det Halvor Holm som er bandet sin musikalske leiar.

Det var han også sist storbandet hadde konsert, saman med Marian Aas Hansen, men no er Holm inne som fast leiar.

Han seier til Åndalsnes Avis at konserten denne gang vil bli prega av å vere ein tradisjonell storbandkonsert med låtar av Count Basie, Duke Ellington og Benny Goodman, mellom andre.

– Eg vil ikkje kome med noko programerklæring enno, men Åndalsnes Storband er eit band med mange flinke musikarar som ikkje er redde for å ta nye utfordringar. Det vil eg gjere noko med, seier Holm.

Han legg til at under konserten vil folk få høyre fleire gode solistar og tillegg til vokalistane Ragnhild Kågen Larshus og Malin Dahl Ødegård som begge er avgangselevar på musikklina ved Molde vidaregåande skole og som begge er frå Åndalsnes.