Det blir utekonsert med Henning Sommerro og John Pål Inderberg ved Mardalsfossen fredag 8. august. Arrangørane av Eikesdalsdagene 2014, Eikesdal bygdelag og Norsk Folkehjelp Nesset trår i år til med stor konsert under Mardalsfossen.

Med Mardalsfossen som kulisse lovar Henning mellom anna kjente Vårsøgtonar og stubbar frå Eikesdal og Eresfjord der han har nokre av sine røter. Dette blir årets oppleving for alle som er glad i vakker natur og vakker musikk.

Det er store forventningar til konserten og vi ventar mykje publikum, seier arrangøren. Konserten skal vere like ved den nye gangbua over elva ca 1,5 km oppe i den nye turvegen. Her er det anlagt ein rasteplass om vil bli bukt til publikumsområde. I tillegg brukar vi terrenget rundt. Vi anbefaler folk å ta med seg sitteunderlag el.l. for å finne ein god plass i området. Det er kun begrensa plass for stolar så vi håper at dei fleste kan stå eller sitte på marka. Norsk folkehjelp vil ha enkel kiosk ved konsertplassen. Husk å ta med kontantar.

Frå Eikesdal er det ca 4,5 km bilveg inn til parkeringsplassen i ved kiosken. Norsk folkehjelp vil organisere parkeringa og vi ber alle som har med bil om å vise omsyn og følgje anvisning frå parkeringsvaktene. Denne turen er og fin til fots eller på sykkel.

Arrangementet er ein del av Eikesdalsdagene i tida 8-10. august. Konserten er eit samarbeid med kulturkontoret i Nesset kommune.