I samband med Norsk Fjellfestival var tur til Grøvdalsbakken eit av mange arrangement.

Gudrun Herje Langseth fortel om ei fantastisk oppleving.

– Flinke turleiarar og ein fin turgjeng. På toppen av det heile eit nydeleg ver. Kva meir kan vi ønskje oss, skriv Gudrun i eposten til lokalavisa. Dei starta oppstigninga til målet innst i Søredalen – i forlenginga av Grøvdalen. Etter 2 timar i passande turtempo og ein rast ved Nedre Bakkevatn, kom dei til toppen av Grøvdalsbakken. – Med den fine naturen og det flotte veret, var det vanskeleg å rive seg laus for å ta turen ned igjen, skriv Gudrun Herje Langseth og legg til at 18 deltok på denne turen; derav dei tre som guida.