Debutant på Bjørnsonfestivalen

Frå eigen roman. Berit Rødstøl er svært nøgd med profileringa ho får under Bjørnsonfestivalen i Molde. Tirsdag kveld las ho frå den nye romanen sin på Rica Seilet.
Frå eigen roman. Berit Rødstøl er svært nøgd med profileringa ho får under Bjørnsonfestivalen i Molde. Tirsdag kveld las ho frå den nye romanen sin på Rica Seilet.
Tre arrangement. Var du publikum i toppen av Rica Seilet i Molde tirsdag kveld, var du av dei første som fekk høyre frå romanen "Himmelreisande" til debutant Berit Rødstøl.
Publisert: 02.09.2010 kl. 09:03
Endret: 02.09.2010 kl. 09:03

Berit Rødstøl frå Verma er ein av mange romandebutantar denne hausten. Og under Bjørnsonfestvalen i Molde tirsdag kveld var Berit ei av fleire som fekk kome til syne under nettopp ei markering av fleire av årets debutantar. Ti minutt til å lese frå sin debutroman er ikkje mykje, men Berit seier ho er svært tilfreds med å bli så synleggjort som ho faktisk blir denne veka i Molde.

For under heile tre programpostar under den pågåande festivalen skal den nye forfattaren vere med. Først altså på tirsdag kveld. Så komande fredag der ho har fått den store ære å lese frå romanen sin i forkant av eit bokbad med ingen ringare enn Roy Jacobsen. Så blir Berit med på litteraturcruise på Eikesdalsvatnet til Eikesdal.

– Ja, dette er svært viktig for meg. Ein viktig marknad for sal av denne boka er her eg kjem frå. Kanskje er det ikkje så mange frå Rauma som går på Bjørnsonfestivalen, men likevel. Det er dessutan viktig å vere i eit slikt kulturmiljø som eg blir ved å vere her under Bjørnsonfestivalen. Dessutan møter ein her bransjefolk som er minst like viktig å kome i kontakt med, seier Berit etter den første opplesningskvelden i Molde.

– Du er lansert i fleire høve som debutant denne hausten. Er det positivt?

– Det kan vere begge deler. Det kan nemleg vere lett å forsvinne i mengda. Det krev dessutan mykje å kome attende etter den første boka.

– Korleis har opplevinga på Skybaren på Seilet vore?

– For meg har det vore kjekt å vere med. Det har vore som forventa med folk. Det kan lett bli at slike arrangement druknar som eitt av veldig mange i Molde denne veka.

– Romanen din kjem hos bokhandlarane denne veka. Har du allereie fått respons?

– Nokre få har lest boka allereie fordi ho kom i hyllene i Oslo før helga. Her kjem ho først denne veka. Det er artig at nokon har funne det interessent å lese så fort.

– Har du fått dei første bokmeldingane?

– Nei, og det kan kome til å ta tid. Det er svært mykje nytt som kjem på denne tida av året. Nei, det kan ta opp til eit halvt år, minst. Kanskje blir Drammens Tidende først ute. Det er der eg bur for tida.

– Og når ser vi deg på Åndalsnes?

– Den 21. oktober er det avtalt at eg skal lese under eit seminar for bibliotekarar og så blir det bokkafé på kvelden. Kanskje blir det signering av boka på Romsdal Libris, seier Berit Rødstøl.

På forsiden nå

Lørdagsstoff kun i papir

I lørdagens papiravis finner du ni sider med stoff som ikke legges på nettsiden vår. Les mer

Skadd på Øran

En mann ble skadet i ei arbeidsulykke på Øran fredag ettermiddag. Les mer

Amund nummer ni i verdenscupen

Junioren Amund Morstøl Valde kjørte inn til en delt 9. plass under det historiske verdenscuprennet i telemark på Rjukan fredag ettermiddag. Les mer

Brannfarlige hytteturer

Om lag 6300 av hyttene i Midt-Norge mangler trolig røykvarsler, viser ny undersøkelse. – Skremmende og veldig unødvendig, sier ekspertene. Les mer

Tjuv satte spor etter seg

Ønsker tips. Fra Mittet kom det fredag morgen melding om innbrudd i garasjer. Bare fotspora er igjen etter tjuven(e). Les mer