For Odd Nordstoga blir det nemleg tredje gongen han opptrer under Norsk Fjellfestival. Første gong i 2007 på Klungnes, deretter i 2013 ute på Rauma Kulturhus. Og artisten greidde ikkje seie nei når anledninga bydde seg nok ein gong.

– Det har seg slik at dagen før så spelar eg saman med bandet mitt ein anna plass. Så da tar eg med meg gitar og trekkspel og drar vidare til Rauma åleine, fortel Nordstoga.

– Kva skal du spele?

– Da skal eg spele det folk har lyst å høyre, svarer artisten som ikkje bekymrar seg for utfordringane som ver og vind kan by på ved ein utekonsert.

– God stemning i dårleg ver

– Av og til blir det utruleg god stemning trass i dårleg ver, det er akkurat som om folk blir meir opptekne av musikken. Er det bra ver konkurrerer vi kanskje litt med sola, svarer Nordstoga som ikkje er heilt sikker på om han vil kalle seg eit friluftsmenneske.

– På ein måte ja, og på ein måte nei. Eg er på ein måte litt som den siste plata mi; kløyvd. Når ein først kjem seg ut er det veldig fint. Eg går ikkje nødvendigvis på topptur, men meir turar på Hardangervidda.

– I kva grad hentar du inspirasjon frå naturen når du skriv musikk?

– Eg hentar masse inspirasjon. Alt frå metaforar til det å skrive ei historie om skodda. Eg er litt engsteleg for skodda og har skreve ei folkevise om to gutar som er på ein fjelltur som blir dramatisk. Eg har sjøl opplevd å vere på tur der man plutseleg ikkje veit kor man er. Det gir ein mental følelse som gir mat til det å skrive ei låt, svarer artisten.

Brukar naturen mykje

Han fortel elles at han bruker naturen mykje.

– Berre det å gå, det sett i gang hjernen på ein slik måte som man treng når man skriv tekstar, fortel han vidare.

– Utebursdag

Festivalsjef Solrun Sylte trur Bøstølen blir ein veldig bra plass for opninga av den 20. fjellfestivalen i rekka.

– Det er ein veldig fin plass som er lett tilgjengeleg for alle. Der kan vi ta imot stor trafikk, og så er Bøstøl-gjengen veldig flinke. Dette blir ein stor familiedag, rett og slett ein utebursdag med mykje av det folk kjenner frå Bøstøldagen slik den har brukt å vere, seier ho.

Sylte meiner Nordstoga passar godt til festivalen.

– Musikken til Nordstoga appellerer til folk i alle aldrar. Og dette skal vere ein folkefest for både born, foreldre og besteforeldre.

Artisten har eit godt forhold til Norsk fjellfestival. Foto: Øystein Talberg