Besøket er ein del av den årlege rundturen.

– Epos gir et ekstra litteraturtilbud til mange i Møre og Romsdal, spesielt til barn og unge. Vi håpar mange tek turen ombord for å låne bøker og nyttar seg av kulturtilbud vi har om bord , seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.

Når båten ligg til kai i Måndalen, skal Trond Magnum vise førestillinga «BOKstavelig talt».

"Dette er ei humoristisk og sjarmerande førestilling for å fremme leselyst og leseglede. Her får vi smakebitar frå bøker, litt song, musikk, regler og eventyr. Det blir noko gammalt, og noko nytt. Trond Magnum er ein del av Abrakadabra Teateret, som er ei av Noregs eldste frie teatergrupper. Ofte er forestillingane deira ei blanding av humor, alvor, song og musikk, og dei vil gjerne at barn og vaksne skal oppleve noko saman", går det fram av pressemeldinga.