Olsok, eller Olavsdagen om du vil, er feiringa av Olav den Heilage sin dødsdag, 29. juli. Og ifølgje Store norske leksikon var Olsok den viktigaste norske kyrkjefesten i mellomalderen.

Både i Rødven og på Ner-Hole held dei tradisjonen i hevd, og arrangerer tradisjonell olsokfeiring fredag kveld.

Nytt lokale

I Rødven vert olsokfeiringa arrangert for 31. gong. Nytt av året er at feiringa skal gå føre i Rødven museum, eit bygg som sjeldan er ope for publikum.

– Det er nok eit relativt ukjent museum, men består av flotte, store rom, og har den desidert største samlinga av antikvitetar og gamle gjenstandar i Romsdal. Det er det nok ikkje alle som er klar over, seier leiar for museet, Per-Arne Skomsø.

Olsokmesse i stavkyrkja

Arrangementet er eit samarbeid mellom museet og ungdomslaget i Rødven. Leiar for Rødven ungdomslag, Audhild Mølmen, fortel at det vert servering av rømmegraut, kåseri og musikkinnslag. Olsokmesse vil som vanleg verte halde i Rødven stavkyrkje.

– Vi har eit lite prøveprosjekt i år med samarbeid mellom ungdomslaget og museet. Etter messe i stavkyrkja vil vi gå opp museet og for å fortsette programmet, seier Mølmen.

Ho håpar at så mange som mogleg tek turen for å få oppleve feiringa på museet.

– Også håper vi at vêret er med oss.

Toradar og dans

På Ner-Hole er det Grytten bygdekvinnelag som ønskjer velkomen til Olsokfeiring. Der vert det toradarmusikk med «Kainn Hende», kåseri og sal av rømmegraut, kaker og kaffi.

Rauma Leikarring tek og turen til museet på Ner-Hole for å danse og aktivisere andre i enkel folkedans.