28 ordførarar, ordførarkandidatar og fylkestingskandidatar i Møre og Romsdal Senterparti har kommet med følgende opprop om HV11 på Setnesmoen:

Med eit distrikt som nesten er på storleik med Sveits, frå Sognefjorden i sør, til grensa til Sør-Trøndelag i nord og mot fylkesgrensa til Oppland i aust, må det vere ein god føresetnad for å halde leiinga av HV11 på Setnesmoen og minst på same nivå som i dag. Fylkestingskandidatar, ordførarar og ordførarkandidatar for Møre og Romsdal Senterparti seier at dette handlar om tryggleiken til alle som bur i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Heimevernet er gjennom lov ein del av det militære forsvaret i Noreg og skal delta i forsvaret av heimtrakten. Ei nedlegging av HV11 på Setnesmoen vil føre til at det lokale territorielle ansvaret, både den militære forsvarsberedskapen og bistanden til det sivile samfunn, vil miste mykje av den lokalkunnskapen som trengst i krisesituasjonar. Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er ikkje tent med at dei nærare 3300 soldatane i HV11 og i innsatsstyrken skal leiast frå Bergen eller Trondheim.

Andre etatar som politi og liknande kan ikkje få oversikt på lik linje som soldatane i HV11, sidan det er lokalkunnskapen som kvar einskild soldat har frå sitt eige lokalmiljø som er mykje av det som kjenneteiknar heimevernet.

Lokalkunnskap er elementært for eit godt forsvar av distriktet. Innsatsstyrken Archery er opp mot 200 soldatar med bakgrunn som sjukepleiarar, legar, ambulansepersonell og andre som er trent og er ekspertar innan sine fagfelt. Dette er motiverte kvinner og menn som alle har verva seg til teneste og som er i beredskap heile året, både når det gjeld terror, naturkatastrofar og ulukker som snøskred og jordras.

Lokal kunnskap og ei leiing som er nær der hendingane skjer er utruleg viktig for den lokale beredskapen. Med dei store geografiske avstandane og alle fjell og fjordar som må takast omsyn til, må ein ha leiing i nærleiken og med den kunnskapen som trengst. Senterpartiet vil ha tenester nær folk, og det gjeld òg for forsvaret. Me treng dyktige soldatar, leiarar og operative styrker i nærleiken for å kunne sikre folket som bur i Møre og Fjordane.