- Programmet var veldig godt likt og var av dei mest sette tysdagskvelden med 610.000 sjåarar. Og det er vi veldig godt nøgde med, seier redaktør Hallstein Vemøy hos NRK Møre og Romsdal til Åndalsnes Avis.

48 millionar sjåarar

Nettstaden nrk.no/mr skriv mellom anna: "Tysdag kveld vart tv-sjåarane betre kjent med programskapar Oddgeir Bruaset, gjennom dokumentaren «Mannen som oppdaga Noreg». 70-åringen har vorte landskjent etter han i ei årrekkje har besøkt folk som er busett på dei utrulegaste stadene. På fjellgardar, holmar og skjer har journalisten portrettert dei som vel å leve heilt annleis enn folk flest i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Opp gjennom åra har 48 millionar sjåarar i inn- og utland sett serien".

På nettstaden kan du og lese kva den tidlegare programleiaren Hallvard Flatland synes om programma til Oddgeir Bruaset; han har nemleg kommentert saka.

Programmet om den landskjente karen frå Måndalen kan du sjå på nytt her