– Ja, dette var ei stor overrasking og sjølvsagt svært hyggeleg, seier Oddgeir Bruaset etter å ha fått heidersprisen under Gullruten i Bergen på laurdag.

Og den velkjende programskaparen legg ikkje skjul på at det varmar ekstra at det er han og ein programserie som «Der ingen skulle tru» som blir heidra på denne måten. Han understrekar at det ikkje på nokon måte var i hans tankar at han skulle bli heidra med prisen då han studerte ei lista over tidlegare vinnarar før programmet tok til.

- Er din programserie eigentleg starten på det vi i dag kallar sakte TV?

– Det veit eg ikkje det oppstod vel med programmet frå Hurtigruta. Men vi vil gjerne at vårt program skal spegle det rolege tempoet som pregar dei personane vi møter i serien. Programmet skal stå i stil med menneska vi møter.

– Er dette mange folk sin draum i det moderne samfunnet trur du?

– Ja, kanskje er det det for mange. Men ein ting er det å drøyme, noko anna er det å gjere det og ta skrittet. Eg vil tru mange framleis vil forlate stresset i byen og håpar dei ikkje blir for seine slik at forfallet har kome for langt mange plassar.

 – Det har blitt mange prisar på deg. Korleis vil du plassere denne i høve til andre?

– Eg har ikkje begynt å rangere og vil vel heller ikkje gjere det. Men som TV-pris er vel dette kanskje det største ein kan oppnå her i landet, seier Oddgeir Bruaset. Vil vil kalle ha ex-måndaling, men han er då snar med å korrigere oss. Han vil alltid vere måndaling og romsdaling trass i at han har levd det meste av sitt liv på Sunnmøre.