Då kommunen første gong var i kontakt med gravemaskineigar, fekk dei til svar at den var kjøpt som skrot og skulle fjernast. Dette var i 2012.

«Trass i kontinuerleg oppfølging frå kommunen si side, har ingen ting skjedd. Gravemaskina sto framleis på samme plass ved befaring 13. mars 2013», heiter det i kommunen sitt brev til eigar.

I brevet blir det påpeika at det er den som står bak forsøplinga som vil vere ansvarleg for å fjerne maskinen. Kommunen slår fast at forsøplinga er i strid med forureiningslova. Kommunen kan om naudsynt ta i bruk tvangsmidlar for å kunne gjennomføre oppryddinga. I praksis vil det seie fjerne maskinen for eigar si rekning.

I brevet blir det varsla om at kommunen no vurderer pålegg om å fjerne gravemaskinen. Og får dei ikkje nok skriftleg tilbakemelding innan 20. april om at maskinen er fjerna, vil dei vurdere å iverksetje tvangstiltaket.