Dette seier Solfrid Holm, sauebonde på Nordsidas Holm.

Tapet representerer berre 1 prosent av lamma som vart sleppt i vår. Ho manglar rett nok to vaksne sauer med lam, men ho har ikkje gjort frå seg sankinga og har god tru på at også desse dyra kjem til rette . Solfrid Holm kan også fortelje om ein middels god tilvekst på lamma. – Ikkje så god som i fjor, men det var eit desidert toppår, seier saueigaren som vedgår at det er kjekt å vere sauebonde når både sauer og lam blir funne att i live.

Endra beitemønster

Solfrid Holm har vore mellom saueigarane som nokre år attende var plaga med at lam vart angrepne av alveld; ein sauesjukdom som kjem av beite på romegras.

Dette problemet har ho gjort tiltak for å kvitte seg med; teke ut av besetninga dei sauene som hadde myrområder med romegras som beiteplass. Dermed har ho også vorte kvitt allveld i besetninga si.Lite eller ikkje noko innslag av rodvyr gjeld også lengst vest i kommunen vår; på Vågstranda. Største saueigar i bygda, Helge Kjersem, kan melde om null innslag av rovdyr; så langt.– Vi finn sjølvsagt kadaver frå tid til anna. Men dei har ikkje vore mange og det er ingen ting som tyder på at det er rovdyr som står bak avlivinga , seier Helge Kjersem som også kan melde om ein middels sesong når det gjeld vekst på lamma.

Lammetap

Om situasjonen så langt tyder på ein god beitesesong i nord og vest, er det litt for mange lammekadaver å finne i Øverdalen sine fjellområder.

– Vi har funne kadaver av lam i tillegg til dei som er borte. Men på grunn av lang liggetid, kan vi ikkje dokumentere kva dødsårsakene er, seier Harry Brude. Han tør difor heller ikkje antyde om det er jerv eller anna rovdyr som har vore på ferde. Men ein ting kan han slå fast og det er at det denne sommaren har vore uvanleg mykje ørn i området. Tommy Sæther, som har sauer på beite i Vermedalen opplever det samme. – Ut frå dei søyene vi har fått heim frå fjellet, er det mange lam som manglar, fortel han. Og med dokumentert jerveyngling i Vermedalen denne våren, er han ikkje i tvil om kven som er syndaren. Når det gjeld hundreangrepet på dei 31 ungsauene han sleppte på forsommaren, ser det ut til å ende betre enn frykta. – Vi har funne igjen 24 av dei 31 ungsauene. Per i dag manglar fire pluss dei tre vi fann drepne. Finn vi også dei siste fire, er det noko eg ser på som eit stort pluss, seier Tommy Sæther. Øystein Talberg