Som var komne langvegsfrå og somme var i nær slekt eller små barn. Men under konfirmasjonsgudstenesta i Eid på søndag ver det på ingen måte plass til alle som ville inn. Fleire snudde og reiste heim.

– Vi var veldig klar over at det ville blir fullt og vi hadde gitt beskjed til familiane om det. Kvar konfirmant hadde fått tildelt to benkar, seier kyrkjeverje Ruth Brennhaug Staurset.

Ho legg til at eit alternativ kunne ha vore og dele konfirmasjonen i to grupper, men at det ikkje vart gjort i dette tilfellet.

– Det var eit sjeldan stort kull i Eid i år med 13 konfirmantar. Vi visste det ville blir fullt, seier Brennhaug Staurset og synest det både er gledeleg og trist på same tid at somme måtte gjere vendereis.

–Det er gledeleg fordi så mange vil vere med og trist fordi det ikkje blir plass, seier kyrkjeverjen. Ho legg til at dette ikkje er noko nytt i Grytten og Hen der dei nesten alltid deler i to grupper for å gje alle plass. I Eid er det normalt ikkje noko problem.

– Kjem de fort i konflikt med brannforskrifter om det blir for mange?– Ja, det gjer vi fort. Vi har klare grenser for kor mange som har lov til å vere inne, seier Ruth Brennhaug Staurset og beklagar til slutt at det vart surt for dei som ikkje fekk plass.