– Alt kjøt var borte og berre bein og skinn var att, fortel Runar Slinde som har villsauer i Eidsbygda.

Då han kom attende etter eit par dagar borte i jula, fann han eitt av dei påsette lamma død berre få meter frå fjøset.

– Det må ha skjedd i julehelga og det er heilt klart at lammet har blitt teke livet av, seier Slinde og fortel at lammet var drege vekk frå fjøset mellom 25 og 30 meter. Det var blodspor i snøen heile vegen under det nye snølaget som hadde lagt seg.

– Eg er temmeleg sikker på at dette må ha vore gaupe. I snøen kunne eg sjå tydelege spor etter potar og dyret hadde hoppa mellom ein og to meter. For kvart nedlag var det fire spor slik vi ser når ein katt hoppa. Det er i alle fall heilt sikkert verken hund eller rev, seier Slinde og legg til at alt som er å finne av kjøt er gnagd bort frå beina. Eine låret er bite heilt av og fjerna. Hovudet på lammet er ikkje bite i det heile tatt.

Vanskeleg

Thomas Rødstøl i Statens naturoppsyn seier han verken kan bekrefte eller avkrefte om det er gaupe det her er snakk om. For å kunne vere sikker må spor sjekkast så tidleg som råd.

– Vi har ikkje fått meldingar om spor av gaupe i Eidsbygda i år, men vi har sikre observasjonar frå tidlegare år både frå Gjerdsetbygda og frå Eidsbygda, seier Rødstøl.

Han legg til at SNO gjerne vil ha melding om det blir sett spor som kan vere gaupe. Men då må meldingane sendast med ein gong slik at spora kan sjekkast så ferske som mogleg.