Torbjørn Bruaset seier til Romsdals Budstikke at ein med veg inn til Måsvatnet slepp å dra lange vegar for å kome ut i naturen.

Det høyrast rart ut. Med ny veg vil han tydelegvis køyre endå 800 meter til. Kvifor? Fordi det ikkje blir fullt så mykje natur lenger ned når det blir bygd veg?Naturvernforbundet vil gjerne at lett tilgjengelege område framleis har fulle naturkvalitetar. Det er godt å kvile auga av og til på natur og ikkje noko anna. Det er godt å høyre lyden av natur og ikkje noko anna. Ikkje ta frå oss fleire av desse områda no. Viss det tel: Det er eit lokalt ønskje.

Svein Gunnar Rydjord og Øystein Folden, Naturvernforbundet