Då eg las Åndalsnes Avis i dag, vart eg provosert.

Spørsmålet som kom, var: Kvar er politikarane?

Etter som eg har forstått, så var det einigheit om at ein ikkje skulle legge ned Veøy omsorgssenter, før ein hadde fått oppretta noko i staden.

Det fekk byråkratane forhindra. Dei hadde funne ut at ein hadde nok omsorgsplassar. Ja, ved eitt høve uttalte dei at vi hadde sogar for mange plassar.

Så kjem avisa i dag og fortel at alvorleg sjuke blir plassert bak eit skjermbrett på ei stove.

Då spør eg dykk politikarar som er valgt inn i Rauma kommunestyre: Synest de at det er greitt at alvorleg sjuke blir fråtatt rommet sitt og plassert bak eit skjermbrett på ei stove der det sikkert til tider er andre som oppheld seg?

Synest de at det er berre uheldig og ikkje uverdig?

Spør du meg, så vil eg karakterisere det som i høgste grad uverdig.Det nærmar seg nytt valg. Det er difor viktig for oss eldre å få vite korleis de stiller dykk når det gjeld omsorgsplassar.

Kan vi rekne med at det vil bli gjort noko for at alle skalfå ei verdig omsorg?

Eller vil de framleis danse etter pipa til byråkratane som kjem med alle slag statistkkar og anna tomsnakk som fortel oss at vi har nok plassar?

Eg ventar svar frå politikarar og ikkje frå byråkratar.

Nils Valde